Notiser

Inviterer til bygging av pepperkakebygg

Frå utstilling av pepperkakebygg under juletombola i 2014.
Frå utstilling av pepperkakebygg under juletombola i 2014.

Kreative arkitektar og entreprenørar blir også i år utfordra til å bygge pepperkakehus for utstilling under julemessa og juletombola på Hellesylt.

Å bygge pepperkakehus er både for unge og eldre byggverk som kan stillast ut i samband med årlege juletombola. Om ein vil bygge eit vanleg pepperkakehus, ei kyrkje, eit slott eller ei anna bygning er valfritt, men arrangøren ynskjer ikkje alt for store konstruksjonar. Byggverka kan leverast laurdag 26. november på samfunnshuset. Frå klokka 10.00 denne dagen er vi på plass for å ta mot, seier Barbro Lade.

–Vi stiller ut alle pepperkakehusa på scena i samfunnshuset og dagen etter under juletombolaen til skulekorpset blir tre av dei som har levert bidrag trekte ut og får ein liten premie. Også i år må alle som leverer pepperkakehus sjølve vere ansvarlege for å flytte byggverka til Sparebanken Møre om dei vil ha dei på utstilling der, eller ta dei med heim etter at juletombolaen er slutt, seier Barbro. Ho oppmodar alle om å begrense litt på storleiken, helst ikkje større enn at det kan plasserast på eit serveringsbrett, seier ho.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *