Notiser

Julegrana på plass på Hellesylt

julegrana

I dag torsdag kom julegrana i Hellesylt sentrum på plass og rigga med ljos.

Stranda kommune og mannskap der i frå kom med eit flott grantre til Hellesylt også i år. Julegrana var hogge på Stranda, ein stad nær Dregebakkane, fekk vi oss fortalt. Det var Tore Johnsen (nærmast på biletet) og Knut Vidar Bakken som sytte for at treet kom opp på den faste staden i sentrum, på Ole Ringdals plass. Og om dei kommunale julelysa er i orden skal grana tendast søndag klokka 15.15 og lyse heilt til neste år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *