Lokalnytt

Julehelsing frå Venneforeninga

Aktiviteten i Hellesylt Bygdetun har vore på eit lavmål. Årsmøte og olsokstemnet til Venneforeninga har vore dei einaste arrangementa i 2016.
Aktiviteten i Hellesylt Bygdetun har vore på eit lavmål. Årsmøtet og olsokstemnet til Venneforeninga har vore dei einaste arrangementa i 2016.

Tradisjonen tru har styret i Venneforeninga ved Hellesylt Bygdetun sendt ut sitt julebrev til medlemer.

Venneforeninga i Hellesylt Bygdetun har sendt ut julehelsing til medlemmane sine. I skrivet blir det fortalt om arrangement i Bygdetunet og om arbeid som skulle vore gjort, men ikkje er kome i gong. Det er lenge sidan det blei klart at det var behov for vedlikehald av det gamle våningshuset i Bygdetunet. Grunnmuren sig og tømmeret har råteskadar.

-Året 2016 går mot slutten utan at restaureringsarbeidet av det 200 år gamle stovehuset i Bygdetunet har kome i gong. Etter at eigar, Stranda kommune, på nyåret oppnemnde ordførar og varaordførar som medlemmer av styret i stiftinga Hellesylt Bygdetun, håpa Venneforeninga at stiftinga lettare kunne skaffe midlar til restaureringsarbeidet. Det skjedde ikkje. Av økonomiske grunnar har stiftinga i år heller ikkje hatt tilsett dagleg leiar eller hatt aktivitetar i Bygdetunet,- skriv Venneforeninga i julehelsinga.

Det tradisjonelle olsokstemne vart arrangert av Venneforeninga i juli. 65 personar møtte opp, og på grunn av utrygt ver var samlinga i låven der det var fleire programinnslag og servering av rjomegraut. Andre arrangement har ikkje vore i år, og det blir heller ikkje nissefesten på låven i Bygdetunet i desember, får hellesylt.info opplyst.

Styret i Venneforeninga skriv til slutt at dei håper stiftinga snart kan sikre økonomisk grunnlag både for restaurering og vidare drift av Bygdetunet. Og Venneforeninga har som målsetjing å vere ein aktiv støttespelar både med dugnadsarbeid og arrangement for utviklinga av Hellesylt Bygdetun, heiter det i julehelsinga frå styret i Venneforninga som ønskjer alle ei God jul og godt nyttår!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *