Lokalnytt

Julemesse for niande gong

Også julelys og dekorasjonar blir å finne på julemessa. Her frå 2014 med Andrea Kjellstad til høgre og Hellebostad bak salsdisken.
Også julelys og dekorasjonar blir å finne på julemessa. Her frå 2014 med Andrea Kjellstad til høgre og Renate Hellebostad bak salsdisken.

Den fyrste julemesse på Hellesylt vart arrangert i 2008. Det vart ein suksess som vart årviss og blir arrangert for niande gong laurdag 26. november.

På den fyrste julemessa i Sunnylven samfunnshus var samla 16 stands med variert varespekter. Den gongen var Hellesylt Næringslag ein av arrangørane, men no har Sunnylven bygdekvinnelag teke over heile ansvaret for julemessa. Leiar i laget, Anne Grete Hjelmeland Hole håpar mange vil delta også i år, og Heidi Melvoll Hauge kan bekrefte at deltakinga blir god. Tre veker før arrangementet er det 12 som har meldt at dei vil delta, men Heidi Hauge veit at det kjem fleire. Ho tek mot plasstinging på mob. 901 77 057

Å kunne kjøpe seg ein tallerken god risengryngraut har alltid vore populært. Sunnylven bygdekvinnelag kokar og sel graut også i år, og salet foregår i «nyesalen». I tillegg hadde laget eit stort og fristande kaffi og kakebord.

Positive tilbakemeldingar

I fjor var det 18 stands på julemessa på Hellesylt. Det kom fleire positive SMS-meldingar ut over kvelden etter julemessa. Det var kjekt å få, seier Heidi Hauge som trur på ei vellukka julemesse også i år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *