LokalsportNotiser

Klare til skisesongen

Mange kom på møte til langrenn -og skiskyttargruppa og fekk nyttig informasjon framfor ein ny og alltid spanande skisesong. (Foto: Gisle Aaland)
Mange kom på møte til langrenn -og skiskyttargruppa og fekk nyttig informasjon framfor ein ny og alltid spanande skisesong. (Foto: Gisle Aaland)

Det var svært godt oppmøte på kickoff / informasjonsmøte for ski- / skiskyttarsesongen sist torsdag kveld.

Leiarane Magne Brekke og Hans Hole frå høvesvis skiskyting og langrenn informerte 60 positive foreldre og born på samfunnshuset torsdag kveld. Sunnylven har masse flott idrettsungdom så no når fotballsesongen er slutt er det langrenn og skiskyting som står for tur.

Hovudbodskapen var at det viktigaste for både unge og eldre er å halde seg i god form.

-Vi skal skape eit miljø der alle skal trivast i anlegget vårt i Hyttehola, sa dei to. Som tidlegare meldt byggjer idrettslaget i desse dagar ut med fleire anlegg i Hyttehola, mellom anna er ein stor garasje under oppføring.

Med den interesse og entusiasme som mange viser, så ser dei tillitsvalde i dei to vinteridrettsgruppene med optimisme på ein ny sesong.

Ski – og skiskyttargruppa samarbeider svært godt. Dei er i lag om det meste , og fellestreningane har fungert veldig bra i fleire år. Idrettslaget har no fleire unge, dyktige trenarar. Anniken Hjellbakk Hole er ein av dei og på møtet informerte ho om treningsopplegg og andre detaljer framover .

Til slutt var det matservering og quiz som Hege og Emilie, to juniorløparar hadde ansvar for .

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *