Lokalnytt

Offisiell opning av Ljøtunnelen laurdag 17.desember

-
Nye Ljøtunnelen. Foto: Statens Vegvesen.

Årets julegåve til trafikantane er rastrygg veg mellom Stranda og Hellesylt. Laurdag 17.desember er det offisiell opning av Ljøtunnelen, som er tredje og siste byggesteg i rasstryggingsprosjektet Røyr-Hellesylt på fylkesveg 60. Dette melder Statens Vegvesen i ei pressemelding i dag.

Møre og Romsdal fylkeskommune, Stranda kommune, og Statens vegvesen inviterer til folkefest når Ljøtunnelen offisielt skal opnast 17.desember.

Det blir seremoni med snorklipping inne i tunnelen frå kl. 1200, og etterpå blir det program i Stranda sentrum. Detaljane er ikkje klar enda, men Vegvesenet jobbar tett med kommunen og fylkeskommunen for å lage ein skikkeleg folkefest!

– Vi kjem til å sleppe nyheiter om programmet etter kvart som ting blir avklart, fortel prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Arne Ola Stavseng håper mange tek turen til Ljøtunnelen og Stranda denne laurdagen like før jul. Både handelsstanden og lokalt næringsliv vert involvert planlegginga av folkefesten.

Statens vegvesen rassikrar strekninga Røyr-Hellesylt på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidan vegen vart opna i 1962 har snøskred vore den største trusselen på fylkesveg 60 mellom Stranda og Hellesylt.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *