Lokalnytt

Skuletime i Gamleskulen

gamleskule-1

Fredag vart fyrste skuletime for mellomsteget ved Sunnylven skule i Gamleskulen på Hellesylt. Ei adventssamling og ein historietime om skulestova frå 1898.

Det knitra frå tørr bjørkeved og varma frå omnen i Gamleskulen på Hellesylt fredag morgon. Dit tok lærarane Ruth Hole Aaland, Kari Hauso Stadheim og Arne Ringdal med seg dei vel 20 elevane ved mellomsteget. Der vart det ein liten historietime om skulen, om forteljingar frå elevar som har gått der og bruken av den gamle skulestova som er ferdig restaurert og i god stand.

Gamleskulen på Hellesylt ligg eit par steinkast frå Sunnylven skule frå 1973. Den var grendaskule for Ringdal, Stadheim, Åsen, Korsbrekke og Hellesylt sentrum for elevar frå 1. til 7. klasse.

Å kome inn i den gamle skulestova, sete på dei gamle pultane, framfor kateteret, tavla og mange plansjar som er «gått ut på dato» var tydeleg ein fin start på skuledagen. I alle fall var det ei roleg og lyttande forsamling frå fyrste innsteg.

Skuletimen i Gamleskulen opna med songen «Då kokka klang», og deretter fekk elevane seg fortalt om skulestova og bruken av den. Dei fekk høre og sjå korleis det var når elevane kom og helsa god dag på læraren, om peikestokken og lesing frå plansjar på tavla, og om korleis elevane vart kalla inn frå friminutt. I skulen var det vedfyring som måtte passast på heile dagen. Det hadde dei eldste elevane ansvaret for. Skulen hadde heller ikkje innlagt vatn den fyrste tida så drikke vart henta i ei bytte frå ein bekk i nærleiken, og frå same ausa drakk alle.

Framleis bur det mange på Hellesylt som har gått på den gamle skulen frå 1898. Og det var ikkje alltid lett å kome seg til skulen, spesielt for elevane frå heimar lengst unna kunne vinterdagar vere slitsame om det var mykje laussnø å vaspe i, fekk mellomsteget seg fortalt. Også dei tre lærarane hadde opplevingar dei fortalde om frå då dei gjekk på grendaskular.

Tida gjekk fort og snart var skuletimen i Gamleskulen slutt. Samlinga for mellomsteget ved Sunnylven skule vart avslutta med songen «Det lyser i stille grender».

gamleskule-2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *