LokalnyttLokalsport

Kristine Hjellbakk Hole best på Bjorli

Kristine Hjellbakk Hole starta langrennsesongen som ho slutta i fjor, med i vinne. (Foto frå arkivet)

Under opningsrennet i langrenn på Bjorli var Kristine Hjellbakk Hole einaste deltakar frå Sunnylven IL. Ho vann klasse jenter 15 år.

Det var fine forhold med 3 – 4 minusgrader då Emblem IL arrangerte skikretsen sitt fyrste langrenn laurdag 17. desember denne vinteren. Rennet gjekk i fristil og med mange deltakarar, spesielt i dei yngre klassene. Frå Sunnylven deltok berre Kristine Hjellbakk Hole som går i J 15 år.

Kristine var einaste deltakar i klassa, men fekk beste sluttid over 5.0 km. med 17.16 uansett klasse mellom damer. Andre vinnarar i jente/kvinner vart:

Ragnhild Rykhus As, Dombås IL i kvinner 19/20, 17.36,

Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL i kvinner 17 år, 17.57,

Liv Johanne Vestre, Stordal IL i jenter 16 år, 18.14.

Sjå fleire resultat på Emblem IL si hemeside: http://www.emblem-il.no/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *