Lokalnytt

Meieriet snart sanert

Espen Skrede Høidal til venstre og Svein Erik Dahle har teke pause i rivinga av meieriet på Hellesylt og ønskjer alle god jul.

Rivinga av nyaste delen av meieriet på Hellesylt er nesten ferdig. No har mannskap og maskiner teke juleferie.

Det var ein tidkrevjande jobb å sanere nyaste delen av Sunnylven meieri. Murane var solid armert betong, isolert med sundolitt. Til jul er det aller meste karva ned og sortert, fortel Espen Skrede Høidal og Svein Erik Dahle i firma Møre Miljøsanering.

Rivinga har gått som planlagt og berre litt betongveggar der det nye er bygt i hop med det gamle står igjen. All betong har blitt til singel og småstein, også kjellargolvet og murane i kjellaren. Her skal ingen nokon gong finne igjen restar som minner om at eit bygg har stått på tomta, seier Høidal og Dahle.

Ut på nyåret, i januar blir dei siste veggane løyste frå den gamle delen og fjerna. Det blir gjort i samarbeid med HT Bygg, Hellesylt, fortel Høidal.

Største utfordringa med rivearbeidet var å få over endre den høge meieripipa. Men etter god planlegging og tiltak gjekk også det etter planen. Ein stor trålpose vart nytta over toppen og nedetter for at ikkje stein skulle drive langt når pipa ramla. Dermed var det berre å drage og pipa, i fyrste omgang halve ramla som den skulle. Også resten gjekk greitt å få ned.

Kva som skjer med vaskehallen veit ikkje Høidal. Den er no i bruk av Vegvesenet og fylt med strøsand. Dagleg leiar i Flakk Eigedom, Jon Egil Jakobsen var nyleg på Hellesylt og fekk sjå tomta etter at det meste var rydda. Han tykte det var eit stort og flott område, og etter det vi veit blir utnytting av tomta vurdert.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380