LokalnyttLokalsport

Åpningsrenn Sunnylvscup på ski

Det er nok snø og det blir flotte løyper i Hyttehola når fyrste renn i Sunnylvscup på ski startar onsdag 11. januar. Her frå ein frisk vinterkveld i lysløypa for to år sidan.

Onsdag 11. januar er det klart for fyrste renn i Sunnylvscup på ski 2017. I alt fem renn blir arrangert for alle aldrar, men tre er nok for å få premie tysdag 11. april.

Rennet onsdag har start klokka 17.30 utan tidtaking, med tidtaking kl. 18.30 og går i fristil. Det er fellesstart klassevis for alle f.o.m. 12 år.

Ta med startkontingent kr. 100,- til fyrste rennet, og gjerne startnummer frå tidlegare år om De har, oppmodar skigruppa.

Skigruppa har sett opp hjelparar til avvikling av renna. I morgon onsdag er desse oppsett:

Knut Dag Langeland ( gruppeansvarleg ), Jorun Trøen, Silje Stadheim, Karl Johan Espe.

Kiosk :

Erna Hellebostad, Hanne Kvamme (ta med vaffelrøre av 2 liter mjølk og ei kanne kaffi kvar) .

Frå styret :

Hans Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Gisle Aaland.

Tidtaking frå 3. klasse ( ynskjer ein ikkje tidtaking får ein registrert rennet ved å gå same distanse ).

Velkomne til kjekke kveldar i Hyttehola !

 

Skigruppa i Sunnylven IL:

Hans Hole tlf. 41695602

Linn Kammen tlf. 90827196

Anniken Hjellbakk Hole tlf. 98832326

Fredrik Helset tlf. 90661200

Gisle Aaland tlf. 93480833

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380