Lokalnytt

Fekk «kake» av sanitetslaget

Nestleiar Hilde Langlo Brekke til høgre kom med «kake» frå Sunnylven sanitetslag til vesle Henrik, Marthe, Alma og Kim Sture.

Marthe Hjellbakk Hole og Kim Sture Flo har flytta tilbake til heimlege trakter. No ønskjer dei å bygge seg hus og slå rot på Hellesylt.

Etter åtte år i Trondheim flytta Marthe Hjellbakk Hole og Kim Sture Flo og veslejenta Alma «heim» til Hellesylt igjen i juni i fjor. Der fekk den unge familien leige seg hus og dei vaksne jobbar no som lærar og bygningssnikkar.

Håper på kommunen

Marthe og Kim Sture har bestemt seg, dei vil etablere seg på Hellesylt med eige hus og hage. No leitar dei etter ein byggetomt, men draumeplassen som dei har sett seg ut og håper å få kjøpe er ikkje byggeklar. Dei håper kommunen og dei rette instansar gjer det dei kan for at Hellesylt skal få nye byggeklare tomtar med det fyrste, for sjølv om dei bur godt i leigd hus er det likevel kjekkast å ha sitt eige, seier dei to.

Langrenn og fotball

-Det må kome ei løysing snart, eller så ser folk på andre alternativ. Eg forstår at fleire ser til Hornindal som har byggefelt med mange solrike tomtar og flott utsikt. Det har ikkje vi tenkt på enno, for på Hellesylt er vi nær heime hos slektningar, og staden har skule og barnehage som vi ikkje må miste, fjord og fjell og vakker natur sommar som vinter, seier Kim Sture.

Og nettopp natur og friluftsliv passar både Marthe og Kim Sture godt. Begge var aktive i Sunnylven IL før dei flytta til Trondheim, Marthe i fotball og langrenn og Kim Sture var fast mellom mannskapet på Sunnylven sitt herrelag i fotball. Nokre hendingar frå den tida har spikra seg i hukommelsen til fotballgale sunnylvingar. Ingen som såg lokaloppgjeret mellom Sunnylven og Stranda under Sommardagar på Hellesylt i 2007 har gløymt 3-1 skåring hans. Det var «spikeren i kista» for motstandaren.

Vil bidra

-På Hellesylt skulle vi fått eit hotell med heilårsdrift. Det ville ha ført med seg meir liv og røre heile året, noko som alle ville hatt glede av, også økonomisk. Hellesylt og Sunnylven ligg midt i smørauge for alt som har med friluftsliv og toppturar å gjere. Vi er spente på om det skjer noko og vi vil gjerne bidra til positiv utvikling i bygda, seier Marthe og Kim Sture.

Men aller fyrst vil dei bygge sin eigen heim på draumetomta på Hellesylt. Dei er kjende med at der er visse vanskar med grunnervervet, men håper kommunen gjer det dei kan for å løyse problema. Med ungt pågangsmot håper dei å kome i gong raskt.

Ei kake av bleier

Like før jul i fjor kom eit nytt familiemedlemmer. Alma fekk seg ein bror som har fått namnet Henrik og i det høve kom sanitetslaget med gåve, det har blitt ein tradisjon frå Sunnylven sanitetslag. Torsdag trappa nestleiar i sanitetslaget, Hilde Langlo Brekke opp med kake til barn og foreldre, ikkje ei heilt vanleg kake akkurat, men ei «bleiekake». Mange bleier var rulla saman og bunta i hop til ei stor rund kake, delevis i to etasjar. I tillegg fylgde det med små raggsokkar, litt såpe og krem og ein foldar som fortalde litt om sanitetslaget og kva organisasjonen jobbar med.

Dette var den 11. bleiekaka Sunnylven sanitetslag har delt ut så langt. Men sanitetslaget har fleire på lager og kan fort produsere nye, så om andre gjer sitt skal vi gjere vår jobb, lova Hilde Langlo Brekke under overrekkinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380