For 35 år sidan

FIRE GENERASJONAR RINGDAL & CO.

Fire generasjonar Ringdal & Co. Frå venstre Liv Jorun Tryggestad Sporstøl, Svein Sporstøl, Ingebjørg Sporstøl, Harald J Tryggestad, og Ingebjørg Tryggestad. Sitjande, ein av grunnleggjarane av firmaet, Ingebrikt Ringdal.

Frå l. januar i år fekk Ringdal & Co nye eigarar. Det er Jorun Tryggestad Sporstøl og Svein Sporstøl som tek over etter Ingebjørg og Harald Tryggestad. Dei nye eigarane tek elles sikte på å reise eit nytt forretningsbygg.

Men førebels vil forretninga halde fram i dei gamle lokala. Desse er no under ominnreiing og når dette er ferdig vil butikken bli sjølvbetjent. I nær framtid vil ein og flytte ut manufaktur- og gåveartiklane til eit anna utsal, for å få betre plasstilhøve.

I april vert det 70 år sidan Ringdal & Co vart skipa av O.E Ringdal, Elling Ringdal og lngebrikt Ringdal. I førstninga handla dei med vanlege kolonialvarer, skinn bensin og anna. lngebrikt Ringdal vart seinare eineeigar.

Ingebjørg og Harald Tryggestad tok over forretninga etter lngebrikt midt på 1960 – talet, og dei flytta bedrifta frå Ringdalsole til dei noverande lokala i 1965.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen, nr. 3 februar 1982.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info