Lokalnytt

Fleire les hellesylt.info

Utviding av Ole Ringdal AS vart den mest leste saka på www.hellesylt.info i fjor.

Nettstaden hellesylt.info registrerte fleire sidevisningar i fjor enn året før. Litt ferre artiklar kom på trykk, men nokre vart lese av mange.

Her er litt av statestikken som vart registrert i 2016, samanlikna med året før.

Oversikt over dei 10 mest leste artiklane i 2016:

Ole Ringdal AS skal utvide 1,998
Olympic-båtar tilbake i oppdrag 1,926
Eventyrleg hjortejakt på Røyrhus 1,720
Siste dag ved stemplingsuret 1,412
Sykla til Italia 1,266
Klipte håret etter fire år 1,144
Vil leige ut pizzarestaurant 1,079
Ny feiar i Stranda 1,064
Ny butikksjef ved Coop Marked Hellesylt 1,052
Legg Sunnylven meieri i grus 975

Tal på sidevisningar.

Talet på sidevisningar auka med ca 4 % frå 447.427 i 2015 til 465.009 i 2016.

Talet på artiklar.

I 2016 vart det produsert 763 artiklar. Dette er ein liten nedgang frå 2015 då det vart produsert 803 artiklar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380