Lokalnytt

Har stilt spørsmål om DAB-dekning

Stortingsrepresentant Jenny Klinge og ordførar Jan Ove Tryggestad i Åsen i Sunnylven og med Sunnylvsbygda i bakgrunnen. (Foto frå arkivet 2015)

Manglande radiodekninga i Sunnylven er teke opp i Stortinget. Jenny Klinge (SP) har stilt spørsmål til justis- og beredskapsminister Per Willy Amundsen (Frp).

Stortingsrepresentant Jenny Klinge er generelt opptatt av radiodekning, seier ho. Ved overgang frå FM til DAB er det områder i landet som vil miste radiodekninga, mellom anna blir deler av Sunnylven utan dekning. Jenny Klinge har bede statsråden om eit svar i saka.

-At små og store grender vil miste radiodekninga er ikkje haldbart ut frå ein beredskapssituasjon. Stabilt og godt radiosamband har svært stor betydning i områder som Sunnylven med rasberedskap og mange turistar, spesielt i sommarhalvåret, seier Jenny Klinge.  Ho har fått innspel frå lokalpersonar om å ta opp saka med det som har vist seg å vere manglande DAB-dekning. Det har ho gjort gjennom eit grunngjeve spørsmål til justis- og beredskapsminister Per Willy Amundsen.

Spørsmål frå Jenny Klinge har denne ordlyden:

-Meiner statsråden at informasjon via radio er viktig, og vil statsråden iverksetje tiltak som sikrar at områdene som er særleg utsette for ekstraordinære hendingar som ekstremvêr, flom og snøskred kan motta informasjon over radio, eller er det andre tiltak statsråden ser for seg skal nyttast for å sikre informasjon til innbyggjarane i nemnte krisesituasjonar?

Å miste radiodekninga er ei alvorleg sak då ein der kan få viktige beskjedar i ein krisesituasjon. Då er det viktig at informasjonen kjem fram til dei den er tenkt for, seier ho og nemner eksempel på informasjon om ras, trafikkuhell, vegstenging og liknande.

Fordelen med DAB er tilgang på fleire kanalar i høve til FM, og betre lyd der ein har dekning. FM har dekning over alt, også der folk ikkje bur, seier Jenny Klinge. Ho har ikkje motteke svaret frå statsråden. I Trøndelag og Møre og Romsdal blir FM-nettet sløkt 8. februar.

Som ombodsmann for heile Møre og Romsdal er ho glad for konstruktive innspel om kva som skjer og ikkje skjer i fylket. Jenny Klinge oppmodar folk til å ta kontakt om det er saker dei ønskjer å drøfte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380