Lokalnytt

HT Bygg skiftar leverandør

LEVERANDØR: Nye skilt hos HT Bygg Hellesylt som har skifta leverandør av byggevarer frå Byggeriet til Byggi.

HT Bygg Hellesylt AS har frå nyttår skifta leverandør av byggevarer frå Byggeriet til Byggi.

Sjølv om HT Bygg Hellesylt skifter vareleverandør frå Byggeriet til Byggi er dei framleis tilslutta Vestlandshus der dei er største aksjonær i kjeda med 10 %. -Heile tida leitar vi etter dei beste vilkåra og avtalane og for oss fann vi dei i Byggi. Byggi er medlem av Optimera som er av landets største på omsetning av byggevarer i Norge, seier dagleg leder i HT Bygg Hellesylt AS, Øystein Ljøen.

Innkjøp

Å skifte leverandør av byggevarer er ei prisbevisst handling, vi vil få betre avtalar noko som vil gje oss betre innkjøp og gjere oss enno meir konkurransedyktige. Kanskje blir det litt endra innpakning av spikar, skruar og liknande, men elles vil kundane hos HT Bygg Hellesylt framleis finne dei byggevarene dei er vande med å finne, seier Ljøen.

25-års jubileum

HT Bygg er ein av dei største arbeidsplassane på Hellesylt med 25 tilsette, og omsetninga i 2015 var på 43.8 mill. kroner. I 2016 var byggeaktiviteten mindre, men fortsatt går bedrifta godt og står på ein trygg «grunnmur». Ordrebøkene er godt oppfylte også for 2017, året då bedrifta kan feire 25-års jubileum.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380