LokalnyttLokalsport

Ingen stafettmedaljer

Her vekslar Kari Alsaker med Inger Ringdal Sæter for siste etappe i J 17/18 i NM stafett skiskyting. (Foto: Rune Tryggestad)

Det vart ikkje medalje til Sogn og Fjordane på dagens stafettar i skiskyting i Holmenkollen, men 4. plassen på gutane i M17/18 år som beste plassering.

Laget frå Sogn og Fjordane var 3.11,8 min bak vinnar Buskerud lag 1. som hadde 2 strafferundar mot Sogn og Fjordane sine 6 rundar. På laget gikk John-Olav Smørdal Botn, Simon Hjelmeset Kirkeide, Vegard Skrede, og Aksel Matias Meland.

I kvinneklassa vart laget i 17/18 års klassa nr 13. Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL gikk ankeretappen på laget til Sogn og Fjordane og kom i mål 8.40.7 min etter vinnar Hordaland lag 1.

Inger Ringdal Sæter skaut godt på liggande med fullt hus, men på ståande skyting var ho uheldig og fikk fire rundar. Hordaland hadde 2 strafferundar mot Sogn og Fjordane sine totalt 7. På laget til S & F gikk Sigrid Flo Bødal, Kari Alsaker og Inger Ringdal Sæter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380