Lokalnytt

Rask utrykning til ulykke

Det var både rask og god utrykning av brannmannskap og helsepersonell til bilulykka ved Nybø laurdag.

Mannskap frå brannkorpsa i Hellesylt og Stranda var raskt på plass ved Nybø i Sunnylven der to bilar kolliderte laurdag.

To personbilar kolliderte på fylkesveg 60 om lag ein kilometer frå Hellesylt sentrum i retning mot Stryn laurdag. Det var ein person i kvar bil og begge vart sendt med ambulansehelikopter til sjukehus med store skader spesielt for ein av dei to.

Raskt og berre få minutt etter ulykka var sju av styrken på ti ved Hellesylt brannkorps på ulykkesstaden. Og etter 20. minutt kom nye fem frå Stranda. Vi var godt hjelpa, seier brannsjef Inge Teigen som sjølv var på plass. Også to ambulansar, den eine frå Volda kom kjapt til staden saman med eit ambulansehelikopter, fortel han. Litt seinare kom også politiet.

Har politimyndigheit

Generelt vart det lenge å vente på politi, men for oss betyr det ikkje så mykje. Brannmannskap er sivile personar, men har politimyndigheit med sikring av skadestad og bevis, trafikkdirigering og liknande til rette politiet kjem. Dette er ein del av opplæringa brannmannskap får gjennom kursing, seier brannsjef Inge Teigen.

Sjåføren i den eine av dei to bilane sat fastklemt i vraket. Dermed måtte brannfolka ta i bruk sitt kraftigaste utstyr og klippe deler av bilen sund for å få personen laus.

Debriefing

-Alt arbeidet vårt gjekk som det skulle og mannskapet er drilla i sine arbeidsoppgåver. Å rydde opp i ei ulykke kan vere ei traumatisk oppleving. Det kan vere behov for debriefing av mannskap, men ingen hadde større behov for det etter laurdag, seier Inge Teigen.

–Etter at vi var ferdige med det vi skulle gjere samlast vi alle ved brannbilen og prata gjennom det som hadde skjedd. Ut over kvelden hadde vi også kontakt på telefon for å prate ut, men alle hadde det greitt. Eg føler at det har gått bra med alle som var direkte involvert i redningsarbeidet, seier brannsjef Inge Teigen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380