Sterk også på jaktstart

Kristine Hjellbakk Hole leverte flotte idrettsprestasjonar i Holmenkollen under Oslo Skifestival. (Foto: Privat)

På andre dag av Oslo skifestival var det jaktstart for Sunnylven IL-løparen Kristine Hjellbakk Hole.

Det var resultatlista frå laurdag som bestemte startrekkefølga under 5.0 km. klassisk for J15 på søndag. Kristine starta som nr. tre, 23 sek. etter vinnaren Maria Hertz Melling, Konnerud IL.

Emma Kirkeberg Mørk vann søndag, føre Melling. Kristine kom i mål til ein flott 10. plass.

Her er resultatliste: http://live.eqtiming.no/33959#

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380