Sterkt langrenn under Oslo skifestival

Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til tredje plass i J 15 i tøffe løyper under Holmenkollen skifestival. (Foto: Stine Fivelstad)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL stilte til start i Holmenkollen under Oslo Skifestival laurdag. Der gjekk den talentfulle langrennsjenta inn til ein sterk 3. plass.

På telefon frå hovudstaden fortel far Hans Hole om stor deltaking under skirenna i Holmenkollen denne helga. I J15 der Kristine Hjellbakk Hole deltek var det 72 jenter som fullførte på kunstsnøen i World Cup løypa over 5.0 km.

-Kunstsnø er ikkje det vi er mest vande med å preparere ski for. Kristine bestemte seg for å gå på eit eldre skipar som vi visste glei godt og det gjorde dei. Vi traff det bra med ski og struktur, seier Hans Hole.

Kristine var ei av dei sist startande. Halvvegs i løpet var ho på sjette plass, men gjekk seg opp til tredje inn mot mål. Ho har kan hende litt meir å gå på i starten av løpa, trur Hans. Resultatmessig vart det ein stor prestasjon i konkurranse med nokre av landets beste. Sluttida hadde gjeve 5-6 plass også mellom 16-åringane.

Nivået er høgt, nokre går styggfort så ein pallplass i dette selskapet er ei «fjør i hatten» både for Kristine Hjellbakk Hole og hennar gode hjelparar. Søndag er det jaktstart klassisk over same distanse.

Vi tek med at Torje Seljeset, Hornindal IL kom på 10. plass i G12 år

Resultat J 15: http://live.eqtiming.no/33876#result:113762-346129-937031-1-1-

Premiepallen i J15 i Holmenkollen laurdag. Frå venstre Emma Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb (2), Maria Hertz Melling, Konnerud IL, (1), Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (3) (Foto: Hans Hole)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380