Lokalnytt

Sunnylving kandidat til nestleiarverv

 

Journalist og klubbleiar i Bergens Tidende, Dag Idar Tryggestad er ein av to kandidatar til nestleiarvervet i Norsk journalistlag på landsmøtet i slutten av mars. (Foto: Rune Sævig)

Journalist Dag Idar Tryggestad er ein av to kandidatar til nestleiarvervet i Norsk journalistlag. Tryggestad jobba i Bergens Tidende der han også har fleire tillitsverv.

Dag Idar Tryggestad er 43 år og frå Sunnylven. Han valde tidleg å satse på journalistyrket og den aller fyrste avisa han laga var i samband med arbeidsoppgåva «Journalisten» i 4H-klubben i heimbygda, fortel han. I 1997 var han medansvarleg for utgjeving av den aller fyrste messeavisa for «Sommardagar på Hellesylt», og dermed var journalisten fødd for alltid i Dag Idar Tryggestad.

Etter gymnastida tok han fatt i sin fyrste jobb som praktikant og deretter som fast tilsett journalist i lokalavisa Sunnmøringen. Seinare vart det jobb i Sunnmørsposten, og i 2000 flytta Tryggestad til Bergen som journalist i Bergensavisa (BA). Tre år seinare vart det Bergens Tidende (BT) der han har jobba både som journalist, i desken og hatt fleire tillitsverv dei siste åra, mellom anna som klubbleiar i den Schibsted-eigde avisa frå 2013.

Dag Idar Tryggestad stadfestar for hellesylt.info at han er ein av to kandidatar til nestleiarvervet i Norsk Journalistlag. Han har sagt ja til å stille som kandidat sjølv om jobben som er fulltidsjobb krev mykje pendling frå Bergen der han og familien bur, både til Oslo og andre stader. Om han blir valt til tillitsvervet får tida vise når valkomiteen kjem med si innstilling. Tryggestad seier at han har gjort det klart for valkomiteen at han stiller, men vil forhalde seg til deira innstilling til landsmøtet 21. til 23. mars.

Les her frå journalisten.no: http://journalisten.no/2017/01/dag-idar-tryggestad-eller-pal-hellesnes-er-mest-aktuelle-nestledervervet-i-journalistlaget#.WHdnrz3ZDEs.facebook

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380