LokalnyttLokalsport

Suveren vinnar i Molde

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann også det andre rennet i SBM-cupen dennevinteren etter ein sterk 5.0 km. klassisk på Molde laurdag. (Foto: Privat)

Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til ei svært god sluttid under Nyttårsrennet / SBM.-cup ved Skaret skisenter laurdag.

Sunnylven IL-løparen var einaste deltakar i J15 år under Nyttårsrennet og andre renn i SBM-cupen i Molde. Sluttida viste at ho var mellom dei aller raskaste jentene over 5.0 km. klassisk uansett klasse med 18.02. Berre Ingrid Nerem, Emblem IL i 19/20 makta å straffe Kristine si sluttid i mål med 7 sekund.  I J 16 år vann Live Røkke Vestre, Stordal IL på 18.20, og i J 17/18 år gjekk sigeren til Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL på 19.21.

Vel hundre løparar deltok i den tunge løypa som arrangøren Molde og Omegn Idrettsforening stilte med. Løparane preparerte med både klister og tørrvoks, og nokre gjekk på rubb. Kristine Hjellbakk Hole hadde gode ski.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380