Lokalnytt

Slutta opp om fastelavnskafé

Mange kom på fastelavnskafé på Hellesylt laurdag sjølv om VM på ski gjekk same dag.

Laurdagskafé med Sunnylven sanitetslag er eit populært arrangement mellom sunnylvingar, men også for tilreisande. Folk kom og gjekk heile tida i dei fire timane kaféen på samfunnshuset var open. Dette vart treffstaden med godt prat på ein litt ruskete værdag.

Sunnylven sanitetslag hadde både fastelavnsbollar, kaffi og fleire sortar kaker å by på til gjestane i alle aldrar, og 80 tombolagevinstar fekk seg nye eigarar etter sal av snurrelodd, Fleire kjøpte også med seg fjørpynta fastelavnsris, men mange hadde kanskje kjøpt tidlegare av skuleelevar som sanitetslaget har hjelp frå med salet mot godtgjersle til skuletur.

Sanitetsdamene bak arrangementet var godt nøgde med at så mange kom på fastelavnskafé, og det økonomiske resultatet. Det vart om lag som tidlegare år og pengane går til gåver, allmennyttige tiltak og forsking, fekk vi oss fortalt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380