Lokalnytt

Startar på eventyrtur 1. mars

Ski blir eitt av framkomstmidla til Jan Arne Janssen t.v. og Anders Helstrup.

Jan Arne og Anders har planlagt turen i detalj. Dei skal tilbakelegge Norge frå Lindesnes til Vardø, både på land og på sjø.

Etter nesten to år med planlegging nærmar starten seg for to eventyrarar, Jan Arne Janssen frå Hellesylt og Anders Helstrup frå Oslo. Dei skal leve i pakt med naturen dei neste femten månadane, for så lenge har dei tenkt å bruke på turen frå Lindesnes til Vardø. Men opplevingsturen blir ikkje etter den beinaste ruta. -Det blir litt kroking, for planen er at vi skal innom ytterpunkta på landet, Lindesnes i sør, Stad i vest, Nordkapp i nord og Vardø i øst, fortel dei to.

Turdraumen

Ideen om turen Norge på langs kom då Anders Helstrup var mellom deltakarane i World Base Race-konkurransen på Helset for to år sidan. Saman med fleire campa han på garden til Jan Arne Janssen og familien der og under samtalar vart turideen født.

To veker før det heile startar frå Lindesnes set vi kring kjøkenbordet heime hos Jan Arne på Helset i Sunnylven for å høyre meir om den spektakulære eventyrreisa. Anders har hatt denne turdraumen heilt frå 2005 og då Jan Arne hekta seg på etter kort tenketid, vart turen realitet.

Planlagt i detalj

Vi får fort inntrykk av at alt er planlagt i detalj før turstarten 1. mars, noko som blir bekrefta når vi blir vist innom depotet, eit rom på loftet fullt av forråd som er tenkt på turen. Her er fleire kasser sjølvkomponert frukostblanding, haglskot, toalettpapir, hermetikk, redningsvestar, turkart og mykje, mykje anna i vakuumert innpakning for å unngå at vatn gjer skade. Forsyningane skal ettersendast til bestemte stader etter som turen går oppover i landet. Investeringar i utstyr og forsyningar har bikka 280.000.- så langt, fortel Jan Arne.

Innom Hellesyltdagane

-Vi har delt inn turen i fire etappar. Fyrste går frå Lindesnes til Aurland i Sogn med ski og pulk, ei etappe vi reknar å bruke mars og april på. Frå Aurland skal vi padle i kajakk ut Sognefjorden, nordover forbi Stad og inn Storfjorden til Hellesylt og Hellesyltdagane 7. til 9. juli. Her vil eg delta i World Base Race før vi dreg vidare i kajakk til Eresfjord og Eikesdal, fortel Anders.

Neste etappe går frå Eikesdal til Narvik i løpet av september – desember, fortel dei to. Kvar julekvelden blir feira er ikkje bestemt, kanskje på Narvik-fjellet, skjemtar dei. Fjerde og siste etappe går med ski og pulk til Nordkapp-platået før det heile sluttar i Vardø ein gong i mai/juni 2018.

Obelix blir med

Reiseruta er klar og der har dei merka av både nasjonalparkar og andre severdigheiter som dei vil sjå. Dei har også leita fram hytter på turen som dei kan overnatte på om det blir storm og uver.

Ein volleyball med eit ansikt teikna på blir maskott på turen saman med ein firebeint ven. Mellom forsyningane på lagerrommet registrerte vi store mengder hundemat. Det var til Grønlandshunden Obelix, fekk vi oss fortalt. Anders har adoptert Obelix frå Fodgården, ei foreining for omplassering av dyr. Hunden heldt på å stryke med etter eit hoggormbitt, men fekk medisin så no er han klar for tur over land og sjø, mellom anna i kajakk forbi Stad.

Jan Arne og Anders har testa eiga form på turar fleire stader, mellom anna i Jotunheimen. Dei er klare og gleder seg stort. Og alle som vil kan følgje eventyrreisa deira på bloggen, eventyri.no

Anders Helstrup t.v. og Jan Arne Janssen har vakuumpakka det meste, her med haglpatroner, frokostblanding og toalettpapir.
Frå test-turen i Jotunheimen. Anders Helstrup med hunden Obelix til venstre og Jan Arne Janssen med volleyballen som skal vere med på turen. (Foto: Privat)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380