Lokalnytt

X2 Festivalen til Sunnylven i april

Her frå XCreek og utfor siste foss før målgang i Bygdaelva i Steimsåsane. (Foto frå arkivet)

x2 Festivalen 2017 blir arrangert frå 20. til 23 april. Fleire sportsgreiner er lagt til Hellesylt og Sunnylven.

x2 Festivalen inntok Sunnylvsbygda med suksess i fjor. Spesielt området ved Helset var viktig utgangspunkt for fleire sportsøvingar, speedskiing, XBase og fallskjermhopp. Også Bygdaelva i Steimsåsane med xCreek var ein flott arena for mange kajakkpadlarar.

I år er festivalen tilbake i same område og med dei same øvingane som i fjor og påmelding er opna.

xCreek i Bygdaelva er fredag 21. eller laurdag 22. april, Fallskjermhopping laurdag 22. april, xBase frå Helsetkopen truleg fredag 21. og laurdag 22. april, og Speedflying laurdag 22. april, også det etter planen med start frå topen av fjellet Helsetkopen.

Bygdafest

Ved Helsetvatnet blir det xAir-manifest med grilling, speaker og god stemning. I same område blir det xAir camp frå fredag til søndag med masse god musikk og bygdefest på fredag kveld, står å lese på arrangøren si nettside.

Det blir stilt visse krav til deltakarane i alle konkurransane. Dette kan du lese meir om på arrangøren si nettside www.x2festivalen.no

Her kan du sjå x2Festivalen sin film frå luftsport, speedflying, fallskjermhopp og basehopp frå Helsetkopen under arrangementet i Sunnylvsbygda i 2016. https://x2festivalen.no/work/speedflying-2/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380