Lokalnytt

Årsmøte i Hellesylt Næringslag

Øystein Ljøen er leiar i Hellesylt Næringslag.

Framtida til Hellesylt Næringslag var ei av årsmøtesakene tysdag. Laget held fram med Øystein Ljøen som leiar.

Tolv medlemer møtte på årsmøtet i Hellesylt Næringslag, eit lag der aktiviteten har vore liten dei siste to åra. Tysdag var det kalla inn til årssamling der dei frammøtte fekk orientering om aktiviteten i laget, økonomi, val, og andre aktuelle saker.

Val.

Ved val fekk styret i Hellesylt Næringslag denne samansetjing; Øystein Ljøen formann, Arild Hole, økonomi, Liv Jorun Sporstøl, sekretær, Bente Bonsaksen, turistansvarleg, Ole Arnstein Ringdal, styremedlem.

Det vart opplyst at laget har 114.700.- på konto. Storleik på medlemskontingent for komande år vil styret drøfte og kome med ei tilråding seinare.

Oppgåver for laget

Etter eit par rolege år i laget, var også framtida til laget sett på sakskartet til drøfting. Alle såg eit behov for å behalde Hellesylt Næringslag då fleire saker var aktuelle å ta opp og løyse. Utsiktsrydding var ei av dei då tilveksten av lauvskog held på å skugge for utsikta fleire stader. Difor søkte laget sist haust om tilskot til ryddearbeid på fem felt og fekk innvilga 245.000.- kroner.

–Vi har teke det på oss delevis ufrivillig, vi har fått tilskot og no må ryddinga setjast ut i livet, sa Øystein Ljøen. Ryddinga med etterarbeid skal vere ferdig til utgangen av 2018. Hjelp til arbeidet vil laget søkje gjennom samarbeid med andre, til dømes idrettslag og bondelag.

Også planting i blomsterkrukkene som prydar Hellesylt sentrum i sommarhalvåret vart diskutert. Om kommunen ikkje kan utføre dette lenger blir det ei av oppgåvene til Næringslaget å sjå til at det blir gjort.

Andre saker som årsmøtet i Hellesylt Næringslag diskuterte var å få ferdigstilt Hellesylt kai, gjerne med eit servicebygg. Der står jarnrøyr i sjøen som ikkje er fylte med betong, men som rustar.

Turistverksemd

På Hellesylt og i Sunnylven jobbar fleire med å utvikle turistrelatert verksemd. På årsmøtet orienterte Bente Bonsaksen om tiltak som det blir jobba med av private. «Destinasjon Hellesylt» er ikkje eit nytt lag eller organisasjon, men ei gruppe som samarbeider innan turisme om turar med bil og båt, sykkelutleige, overnatting, servering av lokal mat og liknande.

Lauvskog veks godt fleire stader, men no vil Hellesylt Næringslag starte rydding. Her frå gangvegen lang Hellesyltfossen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380