Lokalnytt

Bygdekvinnelaget serverte potetball

Sander Sjåstad Hole og dei andre langs bordet tykte potetball, men også pølse var god mat.

Det vart eit måltid med tradisjonsmat på elevar og lærarar ved Sunnylven skule torsdag. Då kom Sunnylven bygdekvinnelag for å servere potetball.

Anna kvart år lagar Sunnylven bygdekvinnelag potetball til alle ved Sunnylven skule. Det har blitt tradisjonar i laget og tradisjonar skal ikkje brytast, meinte dei fem damene på samfunnshuskjøkkenet torsdag.

Anne Grete Hjelmeland Hole, Inghild Storstein, Kjellaug Tronstad, Solfrid Frøysadal og Olveig Frøysa har alle god erfaring i å tilberede eit potetballmåltid. Og med pølse, baconkjøtt, poteter og kålrot, og med mjølk, surmjølk eller saft til drikke vart det eit velsmakande måltid både for syn og gane.

Dei fem damene hadde starta opp tidleg torsdag for å gjere klart mellom 220 og 240 potetballar til bordsetet. Til å setje fram bord og stolar og til å dekke borda hadde dei fått hjelp av 8. klasse som også stilte på som servitørar.

I fråvær av rektor var det lærar Magnar Tufte Tyssen som ønska alle velkomne til bords og til eit måltidet som 96 elevar og lærarar såg ut til å sete pris på. I alle fall fekk vertskapet stor applaus som takk for måltidet før gjestane igjen gjekk til nye læringstimar.

Og om to år er det igjen servering av potetball til elevar og tilsette ved Sunnylven skule, for slike tradisjonar må ikkje brytast.

Her er kokkene frå Sunnylven bygdekvinnelag, frå venstre Anne Grete Hjelmeland Hole, Solfrid Frøysadal, Kjellaug Tronstad, Olveig Frøysa, og ved ballegryta Inghild Storstein.
Elevar frå 8. klasse hjelpte med pådekking og servering. Frå venstre Johanne Sæter, Sigrid Imilie Førde Røyrhus, Sara Sæther og Natalie Trøen Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380