Lokalnytt

Dag Idar Tryggestad nestleiar i Norsk Journalistlag.

Klubbleder i BT Dag Idar Tryggestad vart ny nestleiar i Norsk Journalistlag.

Journalist Dag Idar Tryggestad frå Sunnylven vart valt til nestleiar i Norsk Journalistlag under landsmøtet på Gardermoen.

Valkomiteen si innstilling til val under Norsk Journalistlag sitt landsmøte på Gardermoen torsdag vart klubba gjennom utan motkandidatar. Hege Iren Frantzen er den nye leiaren og Dag Idar Tryggestad vart nestleiar.

I eit intervju etterpå gav Tryggestad uttrykk for at han gleda seg til å ta fatt i tillitsvervet og han rosa valkomiteen for godt arbeid. Valkomiteen hadde snakka med alle lag i organisasjonen og difor gjekk alle val greitt unna utan at det vart stilt motkandidatar, sa han.

Dag Idar Tryggestad jobbar i Bergens Tidende og vore klubbleiar der. Etter landsmøtet skulle nestleiaren i NJ tilbake til Bergen og få valt ein ny klubbleiar for avisa, sa han.

Sjå meir frå landsmøtet og intervju med leiar og nestleiar her: https://www.medier24.no/artikler/na-her-er-laget-som-utgjor-det-nye-landsstyret-norsk-journalistlag/378549

Sjå også intervju med den nyvalde nestleiare på hellesylt.info frå januar: https://www.hellesylt.info/2017/01/sunnylving-kandidat-til-nestleiarverv/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380