LokalsportNotiser

Deltok i sprint laurdag

Kristine Hjellbakk Hole har levert strålande innsats i Hovedlandsrennet så langt og kan avgjort ta fram eit lite smil. (Foto frå Tolga: Hans Hole)

På laurdag var det sprint under Hovedlandsrennet for J / G – 15 / 16 på Tolga. Kristine Hjellbakk Hole kom på 85. plass.

Det var Maria Hertz Melling, Konnerud IL som var raskast under prologen for J15. Ho tilbakela 900 meters-løypa på 2.28.74. Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL hadde 85. beste tid i prologen med 2.50.55. Ikkje same topplasseringa på sprint som på fredagens renn (nr. 7), men likevel ein sterk prestasjon mellom nær 200 til start  frå heile landet.

Søndag går Kristine Hjellbakk Hole på stafettlag for Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal stiller ikkje lag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380