Notiser

Godt maratonløp i Barcelona

Kari-Anne Tryggestad Ryste t.h. og Elise Stette i 2015 på toppen av Dalsnibba. (Foto frå arkivet)

Saman med venninne Elise Stette drog Kari-Anne Tryggestad Ryste til Barcelona for å springe maraton sist helg. Ho kom på 185. plass totalt av over 2000 kvinnelege deltakarar.

Barcelona maraton hadde nesten 17000 løparar til start, av dei var 2194 damer. I klasse K 45 – 54 som Kari-Anne Tryggestad Ryste deltek i stilte 830, og der vart maraton-dama frå Sunnylven IL nr. 60 på 3.37.34. Ei sterk tid som berre tre andre norske damer i denne klassa straffa.

Kari-Anne er fornøgd med eigen innsats. Kneskaden som har hemma litt dei siste løpa er mykje betre seier ho, og sluttida i Barcelona var sju minutt fortare enn siste maratonløp i Ålesund. I mai blir det nytt Ålesund maraton.

Også Elise Stette kom trygt i mål etter å ha blitt heia fram av engasjerte spanjolar. –For eit folkeliv og for ei stemning under løpet. Spanjolane heia oss fram som gale under perfekte forhold og temperatur på mellom 10-15 til 18 grader. Det var artig, seier Kari-Anne Tryggestad Ryste.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380