LokalnyttLokalsport

Klare for Birken laurdag

Det blir eit mylder av skiløparar som legg ut frå Tingstadjordet på Rena laurdag. (Foto frå arkivet)

Anniken Hjellbakk Hole og Gisle Aaland er Sunnylven IL sine representantar i Birkebeinerrennet i år. Laurdag morgon går starten i det 54.0 km. lange rennet frå Rena til Lillehammer

Med godt preparerte ski og ryggsekk på 3.5 kg. legg Anniken Hjellbakk Hole og Gisle Aaland i veg frå Tingstadjordet på Rena til Birkebeineren skistadion, Lillehammer laurdag 18. mars. Målet er å få ein fin tur og greie tidskravet til merket. Same mål har vel også rundt 8000 andre som er påmeldt i sjølve Birkebeinerrennet i år.

Turen over fjella frå Rena til Lillehammer går den motsatte vegen av det birkebeinarane Torstein Skjevla og Skjevald Skrukka la ut på i 1206. Dei bar med seg kongsbarnet Haakon Haakonsøn for å redde det frå baglarane, kanskje på litt dårlegare ski enn det dagens løparar stiller med. Men over kom dei og kongsbarnet kom i sikkerheit, fortel soga. Ryggsekken som løparane ber med seg i dag skal ha om lag same vekt som kongsbarnet. Anniken har gått Birken fem gonger tidlegare og har sikra seg like mange merker. Gisle Aaland har gått Birken to gonger og har to merke. Det blir nok merke på begge også i år.

Deltakarane frå Sunnylven IL har desse startnummer og starttid laurdag:

Anniken Hjellbakk Hole, KE, startnr. 334 kl. 7.45

Gisle Aaland, M 55. startnr. 3100 kl. 8.25.

Frå Stranda IL:

Knut Anders Hatlen, ME, startnr. 119 kl. 8.00

Anders Hellevik

Geir Verpeide

Helge Opsvik

Tore Loe

Frå Hornindal IL:

Eline Fannemel

Reiner Aaland

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380