LokalnyttLokalsport

Nytt årsmøte i Sunnylven IL om tre veker

Sunnylven IL driv godt, har sunn og god økonomi og gode anlegg både for sommar og vintersport.

Det blir framhaldande årsmøte i Sunnylven Idrottslag. På årsmøtet torsdag fekk ikkje laget på plass ny leiar i hovudstyret og i fotballgruppa der begge hadde sagt frå seg attval.

Det var eit godt og roleg årsmøte for det 116 år gamle idrettslaget torsdag. Men val av tillitsvalde i topposisjonar skapte vanskar. Leiar i Sunnylven IL, Jens Vik hadde etter fem år i leiarstolen bede om avløysing til årsmøtet. Også fotballformann Leif Rune Tryggestad hadde sagt frå seg attval, saman med fem andre styremedlemer i undergrupper.

Valnemnda, Jens Arve Forbord og Grete Bjørdal hadde jobba mykje med å få på plass nye kandidatar og hadde lukkast med alt utanom dei to leiarverva. Jens Vik opna for å halde fram eit år til om ein fekk på plass ein kasserar i hovudstyret, men kandidat til toppvervet i fotballgruppa, den største delgruppa i idrettslaget var ikkje i sikte. Difor blir det ny jobbing for valnemnda fram til framhaldande årsmøte i Sunnylven Idrottslag torsdag 23. mars klokka 19.30. Møtet blir halde på klubbhuset på Hellesylt stadion.

Jens Arve Forbord i valnemnda sa at dei har snakka med mange, men fått nei til å gå på dei to leiarverva. Han bad om tips og hjelp frå publikum fram til ekstraordinær årssamling..

Sunnylven IL har registrert 411 betalande medlemer, omlag 20 av dei var til stades på årsmøtet torsdag. Her vart det lagt fram fyldige årsmeldingar frå både hovudstyret og undergrupper, og alle vart vedtekne utan merknader. Vi kjem tilbake med utfyllande referat frå årsmeldingane seinare.

Rekneskap

Også økonomien i idrettslaget er god. Total omsetning har passert ein million kroner brutto, laget har mange gode anlegg og pengar på konto.

Alle gruppene jobbar godt både sportsleg og økonomisk og hadde stort sett drift i balanse i 2016. I resultatrekneskapen for anlegg var det underskot, noko Jens Vik var litt bekymra for. Dei to siste åra har det blitt til saman over 600.000.-kroner i underskot. Dette går ikkje i lengda, her må vi legge oss i selen for å få inn meir pengar, sa leiaren. Dei store utgiftspostane under anlegg er vedlikehald av bygningar, køyretøy og bane, forsikringar og straum, totalt 183.000.-. I tillegg interne overføringar og avskriving, til saman 167.000.-

Rekneskapen for Sunnylven IL blir ført av Hellesylt Rekneskap AS. Arild Hole rosa dei som har ansvar for innlevering av bilag til rekneskapskontoret for godt og ryddig arbeid. ‘

Medlemskontingent

Etter framlegg frå styret vedtok årsmøtet å auke medlemskontingenten for 2017. Familiemedlemskap blir kr. 400.-, medlemer over 16 år og støttemedlemer kr. 200.- aktive kr. 300.-

Val.

Hovedstyret: Jens Vik, (leiar i fyrste omgang til framhaldande årsmøte), Magne Brekke, Geir Frøysa, Tarjei Korsbrekke, Jostein Ringdal, Hans Hole, Frode Nessan, Susanne Ringdal.

Hellesylt treningssenter: Arne Tronstad, Susanne M. Ringdal, Inger Ann Nybø Vik, Ramazan Øcal (ny), Rebecca Julie Ringdal

Trim/friidrett: Jostein Ringdal leiar, Ruth Hole Aaland, Gunnar Sårheim Fivelstad, Amund Lien, Olav Andreas Sætreås, Karolin Parte (ny).

Skiskyttargruppa: Magne Brekke leiar, Line Høgalmen Støverstein, Magnar Tufte Tyssen, Lisbeth Lervik Helset.

Skigruppa: Hans Hole leiar, Linn Kammen, Anniken Hjellbakk Hole, Fredrik Helset, Gisle Aaland

Fotballgruppa: (Manglar leiar), Lillian Aasheim, Kirsti Frøysadal Hauge, Åse Ringdal, Egil Røyrhus, Rita Rudning Røyrhus

Sponsorgruppa: Frank Øksvang, Magnar Hauge.

Kioaskgruppa: Gunnhild Liva Foldal, Erna Hellebostad, Lill Susann Hole (ny).

Stadionnemnd: Frode Nessan, Per Ove Frøysa, Eivind Louis Helset, Ole Åsen, Alf Helge Nessan (ny), Knut Arne Leite (ny).

Valnemnd: Jens Arve Forbord, Grete Bjørdal.

Leif Rune Tryggestad sa frå seg attval som leiar for fotballgruppa, men er under press til å halde fram. På årsmøtet vart han takka i morosame ordelag av formann Jens Vik t.h. for innsatsen for idrettslaget så langt. Tryggestad kunne ta med heim både ei spirande plante og ei lita gåve til minstemann.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380