Lokalnytt

Prisbelønna musikarar i Lensmannsstova.

Jorun Marie Kvernberg er syster til musikar Ola Kvernberg. Torsdag blir ho å høyre med konsert i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven.

Torsdag 9. mars blir det konsert med to prisbelønna musikarar i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven. Dit kjem Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet.

Jorun Marie Kvernberg har vakse opp i Fræna i Romsdal og er veslesyster til musikar Ola Kvernberg. Ho spelar på fleire instrument som fele, hardingfele og harpeleik og har spela i felekvintetten Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Ho har vunne Spelemannsprisen to gonger og er den einaste som har vunne «Edvard-prisen» for komponering av folkemusikk.

Gabriel Fliflet formidlar også folketonane på sin spesielle måte, og vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Fliflet trakterer trekkspel med eit tonalt serpreg der rytmer kan sporast frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og Nordsjøkysten, heiter det i omtale.

Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet formidlar folketonar, men også musikk som dei har laga sjølve. Konserten i Lensmannstova torsdag 9. mars varer om lag ein time. Sjå meir om arrangementet på aktivitetskalender på hellesylt.info

Årets folkemusikar i 2011, Gabriel Fliflet held konsert saman med Jorun Marie Kvernberg i Lensmannsstova torsdag 9. mars.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380