Notiser

Skidag på Strandafjellet

Små og store kosa seg på Strandafjellet. (Foto: Egil Dolmen)

Vergudane var i godlune då Sunnylven skule arrangerte skidag tirsdag 7.mars. I år var turen lagt til Strandafjellet. Elevane i småskulen kunne vere med på felles skitur/ skileik, medan mellomsteget og ungdomssteget fekk høve til å prøve seg i alpinbakken. Etter rapportane vi har fått, var det ein strålande dag både for store og små.

Sjå også: Sunnylven skule på Pedit.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info