LokalnyttLokalsport

Stor skiskyttarhelg i Hyttehola

Frå krinsrenn i skiskyting i Hyttehola, mars 2016.

Laurdag 18. og søndag 19.mars arrangerer Skiskyttargruppa i Sunnylven IL krinsrenn og krinscupavslutning i skiskyting i laget sitt flotte anlegget i Hyttehola.

Skiskyttargruppa i Sunnylven IL ved leiar Magne Brekke har sendt ut påminning til mellom 40 og 50 funksjonærar om rennet helga 18. og 19. mars. Han håper at alle som er sett opp til å utføre oppdrag i samband med rennet har høve til å møte. Om nokon ikkje kan stille på, ønskjer skiskyttargruppa tilbakemelding.

Det er lite snø i Hyttehola ti dagar før fyrste renndag, men skiskyttargruppa håper på påfyll. Og skulle det vise seg uråd å arrangere renn der, er Grendadalen , Hornindal skisenter reservearena.

Laurdag 18. mars er det sprint alle klasser. Søndag 19. mars er det sprint for klasser til og med 12 år, og fellesstart for klasser 13 år og eldre. Påmelding innan tysdag 14. mars kl. 23.59 til www.eqtiming.no

Det er full premiering begge dagar som foregår på stadion. Konkurransane startar begge dagar klokka 13.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380