Lokalnytt

Besøkte Stikk Ut-post

Råsa til Nausane startar ved gamlevegen i området ved Formvac.

På Nausane besøkte vi Stikk Ut-posten for fyrste gong 30. april.

Så langt var vi nummer fire og fem som registrerte oss på posten. Den var godt synleg og godt merka, så ros og takk til trimgruppa i Sunnylven IL.

I trimboka på posten stod ein kort informasjon om Stikk Ut og om Friluftsråda i fylket og det interkommunale samarbeidet. Ein liten kommentar til målforma i boka; Ved interkommunalt samarbeid bør trimbøkene som blir lagde ut på Stikk Ut-postar vere på den målforma som kommunen nyttar.

I Sunnylven IL sitt område er det Stikk Ut-postar på Nausane, på Kurlå, og snart på Flofjellet.

På Nausane, vårsætra til Korsbrekke 240 meter over fjorden står trimkassa til Stikk Ut.
Utsikta frå området ved Nausane til Hellesylt og Sunnylvsfjorden er storslagen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380