For 35 år sidan

GRENDAKVELD FOR SJUANDE GONG

 

 

Langedalen Visegruppe. Frå v.: Tor Tryggestad, Ivar Bjarne Tronstad,Harald Tronstad, Magne Auflem og Knut Hanssen.

For 7. gong i ei ubroten rekkje gjekk Grendakvelden av stabelen laurdag, med Langedølene som vertskap. Denne festen har blitt ein tradisjon det vert stilt store forventningar til, og over 400 fylte Samfunnshuset til siste plass og vel så det. Det vart ein på alle måtar vellukka kveld som Langedølene skal ha· all ære av, og dei har no spela ballen vidare til Bygdarane, som skal føre tradisjonen vidare neste år.

 Ivar Frøysadal var programleiar og han lova eit program til underhaldning og utan alt for skarpe kantar. Han framheva verdien av denne tradisjonen med Grendakveldar, og meinte at tevling mellom bygdelaga om å lage den likaste festen, ikkje måtte føre til at kvelden fall bort.

Oddveig Kjellstad les prologen sin.

Langedalens Visegruppe opna programmet med ei velkomstvise som Ivar Bjarne Tronstad hadde ført i pennen, og deretter vart ordet gjeve til Oddveig Kjelstad. Ho er ein meister i å forme ut sine tankar i prologar, og denne gongen tok ho med festlyden på ei rundreise langsmed Sunnylvs- og Geirangerfjorden , som representant for «Langedalen Reisebyrå»

I skildringa til Kjelstad fekk vi høyre frå livet og slitet på desse avsidesliggjande og tungdrivne gardane, men og om naturen og dei meir positive sidene ved livet på desse gardane.

Eit nytt møte med Langedalens Visegruppe fekk låtten fram i salen. I ei vise skildra dei korleis det gjekk med langedølen som var på galeien i hovudstaden og der nest framførte dei den velkjende «l tyttebærskauen … »

I ei sjølvlaga vise fekk dei så fortalt korleis dei både skulle løyse sysselsetjingsproblem og pengeproblema i kommunen. Pengefabrikk i Langedalen var svaret på desse utfordringane. Sketsjane som var laga til festen var av verkeleg god klasse. Gjennom desse fekk dei gjeve velretta sleivspark til dei andrebygdelaga, og særleg gjekk det ut over resarane denne gongen. Men vi såg ikkje anna enn at alt vart motteke med godt humør.

På desse Grendakveldane er eit av dei fine poenga at folk frå alle generasjonar er med og tek eit tak, både bak kulissene og i programmet. Songgruppa «Dei karrande fjellrypen» stilte opp i to avdelingar. Først song dei «Kjære mor», og så ein fin variant av den kjende «Oh Susanna», som no naturleg var blitt til «Åh, – Sunnylving». Seinare kom dei att med to viser til.

Vi presenterer på biletet tre redaktørar, slik dei stod fram på Grendakvelden med velskrivne utgåver av «Tronstad Tidend», «Nebbedalsnytt» og «Røyrhusposten».Men det er ein grunn til for å ta fram nett desse tre: Ivar Bjarne Tronsta.d, Aslaug Kjellstad og Pauline Røyrhus. Dei er nemleg aktive på andre felt og. Ivar Bjarne Tronstad er  nyvald formann i Mjølkelaget i bygda, Aslaug Kjellstad er den første kvinnlege leiaren i Sau- og Geitavlslaget og Pauline Røyrhus leiar av Bondekvinnelaget i bygda.

Ein tradisjon som Langedølene held ved like, er kunsten å skrive handskrivne «aviser» om alt som røyver seg i grendene. På grendakvelden fekk vi presentert dei siste nummera av «Røyrhusposten» ved Pauline Røyrhus, «Nebbedalsnytt» ved Aslaug KjelIstad og «Tronstad Tidend » ved Ivar Bjarne Tronstad. Frå avisene fekk vi både skjemt og alvor servert. M.a. ville Røyrhusposten ha inn eit bod nr. 11, som skulle lyde om lag slik : -Du skal ikkje legge skumle planar bak grannen sin rygg! Med dette vart det sikta til planane for kraftline frå Stryn og over til Røyrhus. Skjemtet råka breitt – både naboar og rikspolitikarar var medtekne her.

I ein sketsj fekk vi så demonstrert korleis det var å gå til dei gamle «tannlækjarane» på bygdene.

Anders Langøyli (i framgrunnen) hadde tromma saman denne blåsesekstetten. Sitjande frå v.: Rolf, Magny, Helge, Asle og Ivar Fivelstad. Dei fire utanom Helge er elles syskjen !

Musikklivet i Langedalen står sterkt. Det fekk vi fleire prov på. Fire karar drog opp ein vals og ein reinlender på fele og gitar, og ein blåsesekstett, der m.a. fire sysken Fivelstad medverka spela to nummer. Eit par sketsjar til fekk vi servert og dei fall tydelegvis i god jord, både den om hotellet som ikkje stod ferdig då gjestane kom og om treninga for medalja som eit lag har sett opp til dei som kjem til verda i -82.

Og så var programmet over, og langedølene takka for seg med «Langedalsvisa».

Som naturleg er, vart programmet avrunda med «Langedalsvisa». Det er i år 70 år sidan Ole J. Kjellstad fekk trykt denne i «Urda» – i 1912.

Ivar Frøysadal.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen nr 7, 2. april 1982.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info