-Grendakveldar, ein genial ide.

Nestleiar i HUL, Geir Frøysa hadde blomster til Amund Lien som var leiar i ungdomslaget då fyrste Grendakveld vart arrangert.

Det var nestleiar i HUL, Geir Frøysa som ønska vel møtt til Grendakveld på Hellesylt palmelaurdag.

Årets underhaldningskveld var den 40. sidan 1975 då fyrste Grendakveld vart arrangert. Berre to gonger har underhaldningskvelden blitt avlyst eller utsett av ulike grunnar.

Ideen med Grendakveld var genial. Der vart det servert både underhaldning og mat, ja til og med Brigg kunne ein få dei fyrste åra. Menyen har vore så mangt, frå lapskaus, betasuppe til potetball. No var det blitt standardisert med spekemat, og med sal av både øl og vin til den som vil ha det, sa Geir Frøysa.

Beste revyscena

Frøysa kom inn på underhaldning frå tidlegare Grendakveldar og han hadde mange gullkanta innslag å mimre tilbake om. Dalarane kom med knakande gode viser der teksten i ei av dei lydde; «Det beste av alt er å vere folkevalt…, eller Bygdarane og Jan Erik i songen; «Det er vanskelig å vere beskjeden… med fem, seks unge damer rundt seg , alle like unge og pene enno. Og så Sjøarane med «Hula Hula… Han tok fram også «Tuppen og Lillemor» med kyrkjetenar og prest i rollene.

-Grendakvelden har vore ein arena for alle og om ein tek med alle skodespela som er blitt framført her er HUL-scena kanskje den beste revyscena i landet etter folketalet, sa Geir Frøysa.

Overrekte blomster

Nestleiaren hadde også oppdraget med å takke for eit godt og lødig program. I tillegg overrekte han ei blomster til Amund Lien som var leiar i Hellesylt Ungdomslag då fyrste Grendakveld vart arrangert i 1975. Og så la SP-politikaren til; «Eg skulle gjerne hatt ei blomster til å overrekt rådmannen vår for innstillinga ho har levert om Sunnylven skule.» Som tidlegare meldt på hellesylt.info går innstillinga på at skulen skal bestå som 1. – 10. skule, ei innstilling Frøysa var nøgd med.

To leiarar i Hellesylt Ungdomslag, Amund Lien i 1974 – 75, saman med Marianne Fivelstad, leiar i både HUL og Sunnmøre Frilynde Ungdomslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380