LokalnyttLokalsport

Gullmedaljedryss i Sunnylvscupen

Kristine Hjellbakk Hole t.v. har hatt ein flott sesong i langrennsporet.

Skigruppa i Sunnylven IL delte ut nær 70 gullmedaljer i Sunnylvscup på ski under premiefest og bingo tysdag. Der var alle vinnarar.

Skigruppa i Sunnylven IL har hatt suksess med Sunnylvscup på ski i vinter. Premiefesten med bingo tysdag i påskeveka vart ein suksess med rekordstort frammøte.

Nær 70 løparar frå under 6 år til junior deltok i dei fire renna som vart arrangert denne vinteren. Og på premiefesten på samfunnshuset var frammøtet enorm. Arrangøren måtte inn med ekstra stolar og bord for at alle skulle få plass. Sunnylven IL står sterkt mellom både bygdefolk og tilreisande.

Styremedlem og trenar i skigruppa i Sunnylven IL, Anniken Hjellbakk Hole fortalde innleiingsvis litt frå aktiviteten. Det hadde blitt gjennomført treningar saman med skiskyttargruppa frå tidleg haust og gjennom vinteren to kveldar i veka. Men sist vinter vart ein utfordrande sesong med lite snø i Sunnylven IL sine løyper. Difor vart mange treningar på snø lagde til Grendadalen i Hornindal, dit også krinsrennet i langrenn måtte flyttast grunna snømangel.

Få løparar har delteke i renn utanfor bygda denne sesongen, sa Anniken Hjellbakk Hole. Men ein løpar har verkeleg sett klubben på kartet, nemleg 15 år gamle Kristine Hjellbakk Hole. Ho har sigra i alle renn i fylket. I tillegg vart ho Midt-norsk meister i konkurranse med alle løparane frå Trøndelag-fylke, og ho gjekk inn til 7. plass i hovudlandsrennet, fortalde Anniken. Det var prestasjonar eit fullsett samfunnshus tok mot med applaus.

Langrennsgruppa i Sunnylven IL har hatt fire trenarar denne sesongen, Linn Kammen, Anniken Hjellbakk Hole, Magnar Tufte Tyssen og Tarjei Korsbrekke. Alle fekk gode ord frå leiar i skigruppa, Hans Hole og overrekt gåver frå løparane.

Hans Hole takka også næringslivet som i mange samanhengar har støtta raust opp om laget, og han tok fram spesielt Ole Ringsdal AS og Sparebanken Møre. Til bingo under premiefesten var alle gevinstar sponsa av bedrifter i Stryn, Stranda og i Sunnylven.

I alt 14 unge skitalent frå seks år og yngre fekk sine gullmedaljar tysdag kveld, Det same fekk 50 jenter og gutar frå 1. til 10. klasse, og nokre frå eldre årsklasser.

Her er dei fleste av dei aller yngste i Sunnylvscup på ski i år med sine gullmedaljer.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380