Lokalnytt

Mykje folk på informasjonsmøte.

Per Eldar Nakken, rådgjevar frå Fylkesmannen.

Det vart svært godt oppmøte då fylkemannen i samarbeid med bondelaget inviterte til informasjonmøte om omlegginga av tilskotssystemet.

Bakgrunn for omlegginga er at det gamle systemet er i ferd med å «knele» kapasitetsmessig, og noko måtte gjerast for å få eit system som toler belastninga. Ein har samstundes nytta høvet til å gjere ein del faglege endringar og forbetringar.

Per Eldar Nakken, som er rådgjevar frå Fylkesmannen, landbruksavdelinga innleia møtet. Frå Stranda kommune deltok Asle Johan Bergseth Konnerth, som har ansvaret for produksjonstilegg og sjukdomsavløysing og næringssjef Inge Bjørdal.

Det var litt ulike reaksjonar frå salen, t.d.: Kvifor må systemet endrast no når ein nettopp er blitt fortrulege med elektronisk søknad?

Inge Bjørdal seier at næringsavdelinga i kommuna sjølvsagt vil stille opp med hjelp i startfasen, og han var ikkje redd for at dette ikkje skulle gå seg til. – Sjølv om bønder ikkje spelar tennis, ifølgje Herbjørn Sørebø, er dei svært habile på data.

For meir informasjon rundt omlegginga: https://www.hellesylt.info/2017/03/nye-skjema-og-soknadsfristar-i-landbruket/

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info