Påskemusikalen alltid like flott

Ungdomskoret Joyful i prosesjon inn til nok ei framføring av påskemusikalen «Har du hørt det».

Påskemusikalen «Har du hørt det» har blitt eit fast innslag i Sunnylven kyrkje på palmesøndag. Også i år fekk kyrkjelyden møte ungdomskoret Joyful i den gripande forteljinga.

Mange kom til familiegudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag. Også i år vart Alf Georg Øvstebrøt sin musikal med tekstlesing, musikk og song framført. «Har du hørt det» med Joyful har blitt fast innslag i familiegudstenesta, truleg så lenge som dei siste tjue åra, vart det sagt.

Musikalen har masse flott musikk og songar med tekst om det som hende med Jesus gjennom påskeveka til oppstoda 1. påskedag. Folket ropte på korsfesting og slipp Barabass fri. Slik vart det. Jesus døde på korset, vart gravlagt, men nokre dagar etter oppdaga to kvinner at steinen framfor grava var velta vekk og grava var tom. –Kvifor leitar De etter levande mellom døde, Jesus har stått opp, var beskjeden dei fekk.

Framføringa av musikalen med ungdomskoret Joyful og leiarane Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim er ei gripande oppleving. Og vi let oss imponere av dei unge koristane, og alle solistane som gjennom heile framføringa viser smil og smittande glede. Og ikkje minst songstemmene, reint, fleirstemt og utfyllande for kvarandre. Det er ei stor oppleving å få vere med på ved starten av påska kvart år. Denne gongen måtte koret ta reprise på avslutningssongen etter oppmoding frå sokneprest Stein Karstensen, og applausen etterpå var velfortent og stor.

Påskemusikalen har eit unikt bakteppe i Sunnylven kyrkje. Altartavla i kyrkje som er måla av Per Vigeland har nemleg «Oppstandelsen» som motiv. Her har kunstnaren skildra Jesu oppstode frå grava mellom englar og falne vaktmenn.

To av mange flinke solistar i Joyful, til venstre Anna Kristin Storstein Forbord og Kristine Hjellbakk Hole. Mellom dei Renate Øksvang.

Altertavla i Sunnylven kyrkje har motivet «Oppstandelsen» og same bodskap som musikalen endar med.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380