Lokalnytt

Peer Gynt Galleriet kan bli stengt

Det blir ekstraordinær generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS 24. april. Grunna økonomiske vanskar innstiller styret på oppbud.

Økonomien i Peer Gynt Galleriet AS har vore vankeleg dei siste åra og selskapet manglar kapital til drift i 2017. Fram for årets sesong har det blitt jobba på fleire plan og med ulike løysingar for å få til drift av Peer Gynt Galleriet også den 15. sesongen etter opning av kunstsenteret i 2002.

Avtalar i stå

No blir det kalla inn til ekstraordinær generalforsamling med orientering og oversikt over økonomien i selskapet. Styret har hatt møte med hovudaksjonærane, grunneigar og långjevar der det har blitt orientert om den økonomiske situasjonen for Peer Gynt Galleriet og behovet for ny kapital for drift i 2017. Styret har ikkje lukkast å framforhandle løysingar som sikrar vidare drift av selskapet, heiter det.

Begjærer oppbud

Det er blitt jobba med å få til avtalar med verdsarvstiftinga, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, med cruiseagentar, og med sal av artiklar frå Peer Gynt Gålå og Made in fjords for auke inntektene. Vidare er kostnadane redusert mellom anna med eit nytt opplegg for kafedrifta. Desse tiltaka ville gje effekt fyrst i 2018.

Til ekstraordinær generalforsamling 24. april innstiller styret på at selskapet begjærer oppbud. Eit oppbud inneber at selskapet sine aktiva blir selt og det einaste aktiva som selskapet har er fem relieff. Då er det ingen ting igjen av galleriet, står å lese i orienteringa til aksjonærane som føl innkallinga til ekstra generalforsamling.

Ikkje noko valg

Advokat Dag Stadheim er styreleiar i selskapet.

–Eg trudde vi hadde forhandla fram avtalar og eit økonomisk opplegg som kunne sikre drift i år. Vidare hadde vi på gang samarbeid med andre som ville gje inntekter og drift frå 2018 og i mange år framover og verkeleg setje Hellesylt på kartet. Eg er kjempeskuffa over at opplegget rauk. Om det ikkje skulle kome opp løysingar i dagane fram til generalforsamlinga har ikkje styret noko anna valg enn å melde oppbud slik situasjonen er. Peer Gynt Galleriet AS vil difor bli stengt i 2017, seier Dag Stadheim.

Alle aksjonærar er tilsendt innkalling, på e-post eller brev.

Påskearrangement som planlagt

Når det gjeld annonserte arrangementa på Peer Gynt Galleriet i påska med Quiz og underhaldning / dans onsdag 12. april går desse som planlagt, får vi opplyst frå leiinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380