Notiser

Treff på Biblioteket

Her er litt av gevinstane ein kan vinne på Sunnylven bibliotek i kveld.

I kveld tysdag 4. april er det nytt treff på Sunnylven bibliotek med sal av kaffi, kaker og snurrelodd.

Det nærmar seg påske, noko gevinstane i lotteriet på Sunnylven bibliotek ber preg av. I kveld er det siste treffet med sal av kaffi, kaker og snurrelodd denne våren.

Mange har vore innom lokala i kyrkjelydshuset både før jul i fjor og no i vår. Tysdagstreff blir alltid trivelege kveldar med mykje godt prat og spanande trekning av fine gevinstar. Treffet er også ei lita, men viktig inntektskjelde. Ta turen innom biblioteket i kveld, er oppmodinga frå styret.

Sunnylven bibliotek er ope tysdag mellom kl. 16.30 – 18.30, og torsdag kl. 09.00 – 11.00. Sjå meir om Sunnylven bibliotek under «Lag og organisasjonar».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380