Lokalnytt

TV-action med Helge Kvam Karbø

Sist jul var Helge Kvam Karbø t.v. og Sindre Kiviranta frå Hornindal på kajakktur i Bygdaelva. Mellom dei to Marte Kvam. (Foto frå arkivet)

Helge Kvam Karbø frå Sunnylven er stipendiat ved Voss folkehøgskole. Saman med Kristian Grongstad blir han å sjå på ekstremsportskanalen Fatstone TV.

Fatstone TV viser sport som tøffe utøvarar frå heile landet driv med. Ein av dei som sjåarane kan få møte er Helge Kvam Karbø frå Hellesylt. Helge Kvam Karbø og Kristian Grongstad går ved Voss folkehøgskole og blir med i program. Dei skal flyge høgt i fallskjermhopping, paragliding, skikøyring, prøver seg i vindtunnel og mykje mykje meir.

-Ein videoblogg som blir vist i beste sendetid på Fatstone TV er den perfekte måten å vise fram det livet vi lever. Som stipendiatar driv vi med det vi likar best, samtidig som vi får møte nye menneske heile tida, seier dei to.

Fleire tøffe utøvarar er med i denne serien. Felles for alle er lidenskap, lidenskap og enno meir lidenskap for sporten dei driv. Møt ein actionfylt gjeng i TV-ruta, ungdom som samlar opplevinga gjennom spaning og naturkrefter.

Serien på Fatstone TV har premiere torsdag 6. april kl. 20.00

Fatstone TV er Norges ekstrensportskanal og er å finne her;

Canal Digital Satellitt, kanal 22

Canal Digital, kanal 38

Telenor Fiber, kanal 44

Altibox, kanal 46

RiksTV, kanal 46

Get, kanal 80

Sjå Karbø og Grongstad; https://www.facebook.com/fatstone.tv/videos/867067060099755/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380