Lokalnytt

OSLO RÅDHUS – klokkespelet framfører «Den forlatte byen».

Byklokkenist Laura Marie Rueslåtten (FOTO: Lars Magne Y. Hanssen)

I perioden 1. juni – 31. august vil turistar og forbipasserande dagleg kunne høyre ein forkorta versjon av vinnarkomposisjonen til Sunnylven skule frå Veslefrikk framført som ritornell på klokkespelet i Oslo rådhus kl. 11.00. Frå Thomas Møller i Veslefrikk har vi fått denne teksten.

Elevane på 6. og 7. trinn ved Sunnylven skule på Hellesylt gjekk heilt til topps i den nasjonale komposisjonskonkurransa Veslefrikkprisen. Premien var mellom anna å få framføre komposisjonen sin med NRK Kringkastingsorkestret. Det dei ikkje visste var at komposisjonen også skulle bli omskrive til eit ritornell for klokkespelet i Oslo rådhus.

Elevane trudde dei berre skulle på ei vanlig omvising i klokketårnet då dei heilt uforberedt fekk høyre sin eigen komposisjon verte framført av byklokkenist Laura Marie Rueslåtten. Ei mor i reisefølgjet vart rørt til tårer og elevane trudde ikkje det var sant at deira musikk no skulle klinge ut over hovudstaden.

– Berre det å tenke på at halve Oslo kjem til å høyre på det vi har laga er heilt ubeskriveleg. Eg trudde aldri at lille Sunnylven med 500 innbyggarar kunne vinne noko så stort. Eg skal til Oslo minst to gongar å høyre på komposisjonen, seier Elias.

– Det var skikkelig spesielt at så mange klokke kunne spele songen vår og ha så mange forskjellige tonar. Det var skikkelig god klang og det var berre heilt fantastisk. Eg synest det var kjempespennande å høyre den for fyrste gong i klokketårnet, fortel Hanne.

(FOTO: Lars Magne Y. Hanssen)

 

INSPIRERANDE MØTE

Dette er andre året på rad at Veslefrikk samarbeider med rådhusforvaltninga i Oslo om å få framført borna sin musikk på rådhusklokkene. No håpar dei dette kan verte ei årlig begivenheit for dei som er så heldige å vinne Veslefrikkprisen. På denne måten skapast eit unikt møte mellom barn og det profesjonelle musikklivet, for gjensidig faglig utbytte og inspirasjon.

– Nokre gongar kan ein som ungdom oppleve at ein er den einaste i klassa som verkeleg ynskjer å ta musikk eller det kreative på alvor og at det å følgje si eiga overbevisning og drivkraft kan bety at ein ikkje har tid til å vere med på det dei andre gjer på. Då er det fint å kunne fortelle at det ikkje vil vere slik for alltid, men at ein vil få eit nettverk av likesinna når ein kjem ut i yrkeslivet. Det er også viktig å vise at det går an å ha det artig samtidig som ein jobbar seriøst og profesjonelt på eit høgt nivå. Dette gjer at inspirasjonen spreier seg i staden for å døy ut, seier den fornøgde og alltid blide byklokkenisten etter besøket av vinnarklassa frå Sunnylven skule.

Elevane sin komposisjon har fått namnet «Den forlatte byen» og imponerte juryen beståande av komponistar, musikarar og pedagogar:

– Dette er ein god, rik og variert komposisjon. Dei forskjellige tema er godt utarbeidt og kreativt sett saman til ein komposisjon som heile tida er spanande å høyre på.

I perioden 1. juni – 31. august vil turistar og forbipasserande dagleg kunne høyre en forkorta versjon av borna sin musikk som ritornell på klokkespelet i Oslo rådhus kl. 1100.

Høyr Framføringa på rådhusklokkene her:

https://soundcloud.com/stiftelsen-veslefrikk/den-forlatte-byen-radhusklokkene-i-oslo-20170422

Oslo Rådhus (foto: Rådhusets forvaltningsteneste)

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info