Notiser

Siste frå Island

Thingvellir, kløfta der Island deler seg.

Siste «brev» frå Island er besøk på staden for Nord-Europas fyrste allting, ei varm kjelde, historia til ein unik foss og meir.

Vår gode bussjåfør, kong David som han vart kalla hadde Thingvellir som fyrste stopp for Fotefar på utflukt den siste dagen på Island. Dette er staden der Alltinget og den fyrste nasjonalforsamlinga i Nord-Europa var samla i år 930.

Utvidar seg

Thingvellir er ei diger kløft, danna etter som dei to jordplatene opp gjennom Atlanterhavet og gjennom Island sakte går frå kvarandre. Årleg er utvidinga vel ein centimeter, fekk vi oss fortalt.

Her på denne staden vart kristendomen innført til Island i år 1000. Staden var også nytta i 1944 då Island vart sjølvstendig nasjon etter å ha lege under Danmark.

Her i Thingvellir vart den fyrste nasjonalforsamlinga i Nord-Europa halde i år 930.
Geysir sprutar kokande vatn kvart femte minutt.

Kokande vatn

Like ved staden og den naturskapte kløfta som har ein stadig aukande turiststraum, renn ei elv som danna fleire landholmar på flata. Her vart uvenskap og tretter gjort opp mellom dei som møtte på Alltinget. På tingstaden var det ikkje lov å bruke fysisk makt eller bere våpen, ikkje så godt som ein liten kniv, men på holmane i elva var maktbruk lov. Der var det holmgang, eit uttrykk som er kjent også i dag om enn ikkje i fysisk forstand.

Vår busstur gjekk vidare mot Gullfoss, men på vegen dit var det stopp ved Geysir, ei av landet sine mange varme kjelder. Her er ikkje berre ei, men mange kokande «gryter» som boblar og dampar, og ei som bystar seg kvart femte minutt. Då eksploderer naturfenomenet i ein skikkeleg sprut varmt vatn, kanskje 20 – 30 meter høgt. Kor varmt kjenner vi ikkje til, vi fekk råd om ikkje å ta i det.

Gullfoss, naturattraksjonen som vart varig verna i 1920.

Foss vart freda

Ikkje langt frå Geysir ligg Gullfoss som er eit mektig naturfenomen. Her renn enorme mengder vatn som dannar ein foss før det renn vidare i ei djup kløft.

Styresmaktene hadde planar om å bygge ut dette vassdraget til elektrisk energi, men ei myndig dame tok opp kampen og fekk forhindra det. Sigridur Tomasdotter ville at Gullfoss skulle få leve og starta vernekampen. Ho gjekk til fots dei mange mila til Alltinget i Røykjavik og tale fossen si sak. Ho vann kampen og Gullfoss vart varig verna i 1920. I dag er Gullfoss ein av dei mest besøkte turistattrakjonar på Island. Her ligg også ein stor restaurant og ein souvenirbutikk, overfylt av turistar som handlar viljug.

Snorrestova, til minne om Snorre Sturlason. Han vart drepen av sine stesøner med tre hogg.

Hos Snorre

Dagane på Island baud også på mykje meir. Mellom anna var det besøk i Idno Teater og restaurant der president Vigdis Finnbogadottir i si tid var teatersjef, og vi fekk møte den islandske forfattaren Einar Măr Gudmundsson som fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen «Universets engler».

Idno teater pynta til servering for gjestar frå Fotefar.

Det vart også fleire besøk på museum som Borgarnes der skalden Egil Skallagrimson budde, og i Snorrastova og Røykholt der Snorre Sturlason hadde heimen sin og skreiv Heimskringla, sagaen om dei norske kongane.

Varierande vekst

Landskapet har store aude lavasletter, men også svære områder med frodig vegitasjon og graskledde flater. Der gjekk flokkar med islandshestar og sauer, men ku og kalv så vi ingen ting av. Og landet er heller snautt for skog. Ein del er planta til dei siste åra, mellom anna har Noregs Ungdomslag hjelpt til med dette.

Borte bra…

Så var våre fem dagar på Island slutt. Heimreisa gjekk med Icelandair til Flesland og Bergen, og der i frå til Ørsta/Volda lufthamn med Widerøe. Der venta Golf`en for siste etappe heim. Ein fin tur som kan anbefalast, men også ei stadfesting av at det er sannheit i gamle ordtak; Borte bra, men heime best. Eller som Ivar Aasen skreiv; «D`er godt å få slike svar, at ein slepp å spyrja meir.»

Røykjavik, ein moderande by der tredjedelen av folket på Island bur.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380