Lokalnytt

Skuffa og provosert bondelagsleiar

Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad er nøgd med Stortinget sitt vedtak i jordbrukspolitikken, men skuffa over regjeringa.

Sunnylven Bondelag legg ikkje opp til lokale protestaksjonar i samband med brotet i jordbruksforhandlingane. Men 23. mai blir fleire å sjå i Oslo.

Peder Hellebostad har vore leiar i Sunnylven Bondelag i meir enn ti år. Han har alltid hatt tru på sjølvberging, at matproduksjon i eige land er den tryggaste måten å overleve på og har engasjert seg for å bidra til det. Når det blir snakka om import og rimeleg mat frå utlandet er han sterkt usamd. Bondelagsleiaren er skuffa over landbruksministeren og regjeringa. Dei føl ikkje opp Stortingsfleirtalet sin vilje i jordbruksmeldinga om å stimulere til inntektsvekst for små og mellomstore bruk, seier han.

Prosentpengar

-Tilbodet frå Staten var på 410 mill. kroner, ein milliard lavare enn kravet frå bondeorganisasjonane. Likevel hevdar landbruksminister Dale (Frp) at matprodusentar landet over får inntektsauke på høgde med andre yrkesgrupper. Han snakkar om prosenttal, men også vi bønder må betale rekningane våre med pengar, ikkje med prosenttal. Og det kan bli ein bra prosentauke når det blir plussa på nokre tusenlappar på ei lav inntekt i utgangspunktet. At den lave renta blir brukt som ein del av oppgjøret til bøndene er sjølvsagt også feil. Vi er blitt kraftig provosert og er svært skuffa over tilbodet og manglande vilje til å ta heile landet i bruk i matproduksjon, seier Peder Hellebostad og held fram;

Manglande vilje

-Bondelaget har gått inn i reelle forhandlingar tre gonger med den sitjande regjeringa. Vi har alltid hatt som mål å få til semje om jordbruksavtalen. Det har vi greidd to gonger sjølv om avtalane ikkje var så bra som vi ønska, men i år vart det brot. Når viljen var så liten til å bidra der stortinget sa at dei ville ha eit sterkt jordbruk, var det ikkje anna å gjere enn å avslutte diskusjonane, seier Hellebostad.

Forbrukartilskot

-Dei snakkar om jordbruksoppgjør, tilskot til bøndene. Heile tida blir det snakka om store overføringar til bøndene, men faktisk er det heile eit tilskot til forbrukarane, ei statleg hjelp til å halde matvareprisane på eit rimeleg nivå. Og norsk landbruk er meir enn matproduksjon, det blir skapt verdiar og ei lang rekke arbeidsplassar, frå bøndene sine kjøp av innsatsfaktorar i produksjonen til vidareforedling og transport til maten er plassert i butikkhyllene, klar for sal, seier Peder Hellebostad som også rettar ein peikefinger mot andre trendar rundt norsk jordbruk. – Vi må ikkje basere oss på å importere maten vi treng, og ingen må tukle med sentralnervesystemert i jordbruket og produksjonsreguleringane til Tine i mjølkeproduksjonen og Nortura i kjøttproduksjonen.

Til Oslo

No blir det opp til Stortinget å følgje opp det dei tidlegare har vedteke om å gje bønder over heile landet eit anstendig lønsløft, seier Peder Hellebostad. Han vil ha auke både gjennom produksjon og i tilskot. Her nemner han avløysartilskot til ferie og ved sjukdom, og ikkje minst tilskot til bruk av beite, både på innmark og utmark for å ivareta kulturlandskapet.

Sunnylven Bondelag har 85 medlemer. Tysdag 23. mai dreg fleire av dei til Oslo for å krige for betre lønsemd i næringa. Då går bondehæren frå Bøndenes hus til Stortinget for å vise sin misnøye med tilbod til jordbruksoppgjør.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380