Lokalnytt

«Tilbake til livet», frå brann og Utøya

Simen Almås kjem til Hellesylt måndag 29. mai for å fortelje om dramatiske hendingar i livet og måten han har takla dei på.

Som 13-åring var Simen Almås utsett for ei alvorleg brannulykke. Skadane førte til både fysiske og psykiske skadar som han fortel om i kåseriet sitt «Tilbake til livet»

Det var i 2007 at 13 år gamle Simen Almås blei 49 prosent brannskada med tredje grads forbrenning over store deler av kroppen. Sjølvbildet fekk ein stor knekk, han hadde ikkje utsjånad som andre, var «annleis» og «svak», men han kom seg gjennom år med rehabilitering og trening. I 2011 drog han på politisk sommarleir på Utøya og opplevde nye dramatiske hendingar der, men Simen kom levande i frå også dette marerittet.

Simen Almås er 22 år og har opplevd mykje. Då livet skulle halde fram etter 12 dagar i koma og store brannskader over heile kroppen vart utfordringane store og mange. Måndag 29. mai kjem Almås til Hellesylt der han i foredraget han har kalla «Tilbake til livet» fortel om korleis han har takla utfordringane og kva rådgjerer han har teke i bruk for å snu det negative til positive opplevingar og eit positivt sjølvbilete.

Det er Sunnylven sanitetslag som er arrangør av møtet på Sunnylven samfunnshus måndag. Tema eller spørsmål som blir teke opp i foredraget er:

Korleis møte ungdom som slit psykisk? Korleis ruste ungdom til å takle utfordringar? Kva reiskap kan vi bruke for å oppnå større openheit mellom vaksne og ungdom?

Sjå aktivitetskalendar; https://www.hellesylt.info/event/tilbake-til-livet/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380