LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Baka til Hellesyltdagane

Trillande runde leivar klare til steikning frå øvde bakarar, frå venstre Berit T. Hole, Gerd Helset og Gunhild Kvam. Fjerde bakedame, Oddbjørg Stadheim kom ikkje med på biletet.

Når damene i bygdekvinnelaget i Sunnylven leitar fram kjevle, takke og smørkniv er det produksjon av go`saker på gang.

Dagen etter pinse var fleire av medlemene i Sunnylven bygdekvinnelag samla til bakedugnad på samfunnshuset. Det var hardingar til årets Hellesyltdagar som alt no skulle gjerast klar. Og det var erfarne bakedamer som var i sving etter det vi såg då vi fekk lov å kome innom. Dei 80 emna vart kjevla ut trillande runde og høveleg tynne, og deretter på takka for steiking. I naborommet var andre medlemer i sving med å smørje hardingane, eit fyll av smør, sukker og litt melis. Når denne «konfekten» skal serverast under Hellesyltdagane er det med søst koka av Eline Fivelstad.

Neste i «operasjon hardingbakst» var steiking som Marit Hellebostad, nærmast og Anne Grete Hjelmeland Hole stod for.

Hellesyltdagane er mellom høgdepunkta for mange av underhaldning, konkurransar og opplevingar for fleire sansar. Ikkje minst får smakssansane ei god helg. Under Hellesyltdagane kan besøkjande velje fritt mellom det beste frå det norske matbord. Sunnylven bygdekvinnelag er ein av bidragsytarane i så måte. Laurdag 8. juli blir det rømmegraut, pynta med smør, rosiner, sukker og kanel. Eit tradisjonsmåltid og fast under sommarfesten i alle år.

Og om det fristar med ein kaffikopp attpå blir det både kaker og harding med søst å få kjøpt hos Sunnylven bygdekvinnelag.

Her blir hardingane ferdig smurt, klare for servering under Hellesyltdagane laurdag 8. juli. Frå venstre Kjellaug Tronstad, Ruth Hole Aaland, Randi Tynes, Olveig Frøysa, Liv Jorunn Sporstøl.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380