Lokalnytt

Cruisekai ikkje ferdig

26 røyr står pæla i sjøbotnen, unytta ved storbåtkaia på Hellesylt. Berre ei armeringsmatte dekker over på toppen.

På kommunestyremøtet 21. juni tok representanten Geir Frøysa (Sp) opp spørsmålet om ferdigstilling av storbåtkaia på Hellesylt.

Cruisekaia på Hellesylt er ikkje ferdig ut frå dei opphavelege planane. Framleis står røyr pæla i sjøen utan at det tenkte dekket er på plass. Frøysa trudde røyra ville fare ille med tida og kanskje representere eit miljøproblem om nokre år. Bererøyra var på plass, det var snakk om å fylle dei med betong og få lagt på betongelementa som Frøysa meinte å vite var ferdig støypte og låg på lager.

Styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Olav Bratland var kjend med saka. Det var noko av det fyrste han la merke til som styreleiar at cruisekaia på Hellesylt ikkje var ferdig. Slik kunne den ikkje stå, så eitt eller anna måtte gjerast, sa Bratland. Han hadde utfordra næringslivet om å kome opp med idear og tankar om utbygging. Kjem slike idear har vi middlar til å realisere ei ferdigstilling. Men Hamnestyret og Stranda Hamnevesen driv ikkje med, men legg til rette for næringsutvikling, sa Olav Bratland.

I korte kommentar etter Bratland sitt svar etterlyste Ole Jørgen Sve (Frp) tilstanden til dei støypte elementa som hadde lege på laget sidan 2012. Det var det ingen som kunne svare på under møtet.

Frank Sve (Frp) sa at Stranda kommune alltid har støtta næringsutvikling på land. Han meinte at Hellesylt har fått mykje så no var det kan hende på tide å bruke pengar på utbygging av ei mindre kai på Stranda.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380