Lokalnytt

Flyg til og frå Helsetkopen

FJELLFLYGARAR: Eit bilete frå 2015 av Alex Drozdov, Russia t.v., Cato Nordbakk, Brandon Mikesell USA, og Kristian Rønning etter ein luftig tur frå Helsetkopen.

Stranda kommune har gjeve World Base Race løyve til å nytte helikopter i samband med fjellflyging frå Helsetkopen 7. til 9 juli.

Aktørane flyg opp i helikopter og ned igjen i vingedrakt frå Helsetkopen når World Base Race blir arrangert frå 7. til 9. juli. Heilt sidan 2009 har fjellflyging vore ein årviss hendelse, både som arrangement under Sommardagar på Hellesylt, no Hellesyltdagane, og andre dagar i året. Mange hopparar  både norske og frå andre land har opplevd aldrenalinet bruse i årane under den rundt 30 sekund lange flygeturen frå toppen, ned fjellkløfta til landing på flata ved Helsetvatnet.

På vegne av World Base Race har Endre Frøysa søkt kommunen om løyve til bruk av helikopter, både frakt av filmutstyr og mannskap til det 1246 meter høge fjellet. Kommunen har vore imøtekomande og sagt ja til søknaden med visse atterhald og krav.

Som tidlegare foregår luftsportkonkurransen på Helset og Helsetkopen i Sunnylvsbygda med landing på flata ved Helsetvatnet. Arrangementet er same helg som Hellesyltdagane 7. til 9. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380